Heim
Tingstova
Kvenåsen skulehus
Aamlandshuset
Engedalsløa
Stakkelandsbua
Heieløa
Jørensmia
Om Fjotland Bygdemuseum
Tusenårsstaden i Kvinesdal kommune
Kontakt
|
Jørensmia
Fjotland museum hadde ein del smieutstyr, men inga smie. Det vart difor bestemt å laga eit bygg til å ta vare på dette utstyret. I Fjotland var det før i tida ei smie på mest kvar gard. Bygga kunne vera laga av enkle reisverk med kledning, lafta av rundtømmer eller av plank. Smiebygget på bygdetunet er ingen kopi, men er laga enkelt av planker, og har som formål å ta vare på smieutstyret. I ei smie vart det meste laga som trengtes på ein gard. Det kunne vera frå dørhengsler, dørlåsar, utstyr til hesteredskap og hestetruger, knivar og mykje anna. Ei smie høyrde naturleg til på ein gard og bør vera ein del av eit bygdetun. Engedal, 4. september 2015 Helsing Tønnes T. Kvinlaug |